Kollasj om vindkraft, vindkraftutbygging og Midtfjellet
Trolsk stemning i vinterlandskapet austom Fitjarsåta om kvelden måndag 23. januar 2012. Veg 2, som den heiter, går frå første pukkverket og nordover og nedover mot Fitjarsetera. Like nedfor den første boregeita kjem vegkrysset til vindmølle B18 (sjå kart). Biletet er tek mot nord, med lysskin frå Austevoll i horisonten.

Arbeidsfolka held på til klokka 21 om kvelden. Boregeita er den som du ser omlag midt på det store biletet over.

Ein stille kveld i fjellet, men snøformasjonane viser at det har blese kraftig dei siste dagane. Jostein Skram sprayer merke for neste borehol i snøen like ved vindmølle B18.

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Filmsnutt frå arbeidet nær møllepunkt B18 måndag 23. januar 2012, like aust for Fitjarsåto.
Foten av Handfjellet opplyst av gravemaskinar, dumpersar og boreriggar 23. januar 2012. Biletet er teke frå Midtfjellet, mot nord. Vegen er komen på vestsida av fjellet, ved lyset til venstre.

På nordsida av Handfjellet er det eit område med stupbratte kantar. Vegen går i øvre kant av biletet.

Midtfjellet Vindkraft AS, Årskog, N-5419 Fitjar, Norge.
Anleggskontoret ved Olstjørn tlf +4753 22 28 01.
Hovudkontor tlf +47 53457600, epost: post@midtfjellet-vindkraft.no, org.nr. 988 440 124
Daglig leder Ole Vidar Lunde.
Nettsideutforming og fotoansvarleg: ©Stein Erik Gilje, N-5419 Fitjar